Javisst. Eg har det aldri så morosamt som når eg har høve til å pynte
litt på røyndomen med litt ekte pikseltriksing. Med eit forholdsvis moderne
bildebehandlingsprogram kan du gjere mykje som du ikkje får til med eit
skrujern. Resultatet kan likevel bli temmeleg skrudd, som du ser til
høgre her. Elg i solnedgang er berre nokre museklikk borte for den som
har slik legning...
Eg blei litt inspirert av at ein kompis ville ha nokre av bildene mine
for å henge på veggen, og har tenkt å prøve å få til eit betre fotogalleri
her på sidene mine.
Det er litt forskjellig korleis bildene blir til. Av og til bruker eg eit
fotografi som utgangspunkt, men det er fullt mulig å lage fantastiske bilder
berre med hjelp av photoshop, gjerne i kombinasjon med eit teikneprogram.
For at du skal vite sånn omtrent kva eg meier er kvalitet på internett,
har eg llista nokre som eg syns er gode under her. Dei er gode av forskjellige
grunnar, og ikkje nødvendigvis berre når det gjeld design. Denne lista med
lenker kan nok bli temmeleg lang. Ta gjerne kontakt dersom du har tips til
kandidatar. Har du sjølv ei side? Desse opnar i eit nytt vindauge
sidan dei er eksterne.
Mike Davidson:
Blog og design
George Harrison:
Superb Flash
css Zen Garden: Alt
om css
Vincent Flanders:
All that sucks
Forskning.no: Bra, norsk
side
Kvifor webstandard
er viktig
Hugs å slappe
av innimellom
Skaff
deg Flash-plugin her
Opera: ein god norsk nettlesar
Her
kan du lese meir om W3C
Floranett, dersom du er frå Flora